Rekordhøg magasinfylling ved årsskiftet. Ved utgangen av veke 53 var fyllingsgraden i norske magasin 82,5 prosent.

Fyllingsgraden ligg over historisk maks. i periode 1982-2014. Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,9 prosenteiningar mot ein auke på 0,7 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2014 var 69,6 prosent og maksimum 79,3 prosent.

Fyllingsgradar for alle område er over historisk maks. i periode 1982-2014. Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 86,2 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 81,0 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 81,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 53, samt historiske verdiar og diagram finst i Vassmagasinstatistikken.