Auke i magasinfyllinga. Fyllingsgraden ligg over historisk maks i perioden 1982-2014. 

Ved utgangen av veke 52 var fyllingsgraden i norske magasin 84,4 prosent. Gjennom veka auka fyllingsgraden med 0,7 prosentpoeng, mot ein nedgang på 0,6 prosentpoeng veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for årene 1990-2014 var 70,4 prosent, og maksimum 80,3 prosent.

Fyllingsgrader for alle områder er over historisk maks i periode 1982-2014. Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 88,5 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 82,7 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 82,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 52, samt historiske verdiar og diagram finst i Vassmagasinstatistikken.