Mindre nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 51 var fyllingsgraden i norske magasin 65,3 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,9 prosenteiningar, mot 2,7 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 72,5 prosent, og minimumsverdien 48,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 69,7 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 62,9 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 64,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 51, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.