Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 50 var fyllingsgraden i norske magasin 66,2 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,7 prosenteiningar, mot 0,3 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 74,6 prosent, og minimumsverdien 51,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 70,6 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 64,5 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 64,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 50, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.