Framleis høg magasinfylling på denne tida av året. Ved utgangen av veke 50 var fyllingsgraden i norske magasin 84,3 prosent

Fyllingsgraden er den høgaste sida 2000.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,4 prosenteiningar mot ein auke på 0,3 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2014 var 74,0 prosent og minimumsverdien 51,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 87,1 prosent. Fyllingsgraden ligg over historisk maksimum i periode 1983-2014. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 84,0 prosent som er den høgaste sida 1983. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 82,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 50, samt historiske verdiar og diagram finst i Vassmagasinstatistikken.