Større nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 5 var fyllingsgraden i norske magasin 53,8 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,1 prosenteiningar, mot 2,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 60,4 prosent, og minimumsverdien 34,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 61,5 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 47,7 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 55,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 5, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.