Mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 49 var fyllingsgraden i norske magasin 68,9 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,3 prosenteiningar, mot 2,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 76,5 prosent, og minimumsverdien 54,5 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 73,2 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 66,8 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 67,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 49, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.