Rekordhøg magasinfylling for årstida. Ved utgangen av veke 49 var fyllingsgraden i norske magasin 84,7 prosent.

Fyllingsgraden er den høgaste sida 2000. Gjennom veka auka fyllingsgraden med 0,3 prosenteiningar mot ein nedgang på 1,5 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2014 var 76,1 prosent og minimumsverdien 54,5 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 86,8 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 82,9 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 85,4 prosent.

 

Energiinnhold og fyllingsgrad i vannmagasiner i uke 49, samt historiske verdier og diagrammer finnes i Vassmagasinstatistikk.