Større nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 48 var fyllingsgraden i norske magasin 78,8 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,8 prosentpoeng, mot 1,5 prosentpoeng veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 78,9 prosent, og minimumverdien 57,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 82,2 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 71,8 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 81,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 48, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.