Auka nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 48 var fyllingsgraden i norske magasin 69,2 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,1 prosenteiningar, mot 1,2 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 79,2 prosent, og minimumsverdien 57,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 72,4 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 67,1 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 68,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 48, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.