Fyllingsgraden nærmar seg 70 prosent. Ved utgangen av veke 47 var fyllingsgraden i norske magasin 71,3 prosent

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,2 prosenteiningar, mot 1,5 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 81,5 prosent, og minimumsverdien 61,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 75,0 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 68,1 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 71,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 47, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.