Sterkare nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 46 var fyllingsgraden i norske magasin 83,1 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,9 prosenteiningar, mot 1,3 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 82,9 prosent, og minimumverdien 64,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 86,4 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 76,7 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 85,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 46, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.