Framleis nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 45 var fyllingsgraden i norske magasin 85 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,3 prosenteiningar, litt meir enn nedgangen på 0,3 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 83,9 prosent, og minimumverdien 65,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 88,1 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 78,6 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 87,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 45, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.