Framleis nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 43 var fyllingsgraden i norske magasin 79,1 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,8 prosenteiningar, mot 2,2 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 86,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 83,0 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 75,5 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 79,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 43, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.