Uendra nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 42 var fyllingsgraden i norske magasin 80,9 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,2 prosenteiningar, like mange prosenteiningar som veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 86,9 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 84,6 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 77,2 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 81,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 42, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.