Sterkare nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 41 var fyllingsgraden i norske magasin 83,1 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,2 prosenteiningar mot 0,8 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 87,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 87,4 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 79,0 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 83,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 41, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.