Nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 4 var fyllingsgraden i norske magasin 56,9 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,1 prosenteiningar, mot 1,9 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 62,1 prosent, og minimumsverdien 36,5 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 64,3 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 51,5 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 57,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 4, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.