Nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 38 var fyllingsgraden i norske magasin 83,4 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,0 prosenteining mot en auke på 0,2 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 85,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 87,8 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg
(område 3) hadde lågast fylling med 79,8 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 83,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 38, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.