Magasina fylles framleis opp. Ved utgangen av veke 37 var fyllingsgraden i norske magasin 84,4 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 0,2 prosenteiningar mot 0,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 86,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 89,1 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 80,5 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 84,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 37, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.