Fortsatt auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 35 var fyllingsgraden i norske magasin 83,6 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 1,2 prosenteiningar mot 0,9 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 83,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 88,6 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg
(område 3) hadde lågast fylling med 78,5 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på
84,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 35, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.