Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 34 var fyllingsgraden i norske magasin 82,4 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 0,9 prosenteiningar. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 82,3 prosent.


Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 86,3 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg
(område 3) hadde lågast fylling med 77,1 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på
83,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 34, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.