Fyllingsgraden litt over medianen. Ved utgangen av veke 32 var fyllingsgraden i norske magasin 81,5 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 2,5 prosenteiningar mot 1,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 80,5 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 85,4 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 76,8 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 82,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 32, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.