Framleis auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 31 var fyllingsgraden i norske magasin 79,0 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 1,4 prosenteiningar mot 2,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 79,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 81,3 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 75,4 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 80,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 31, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.