Fyllingsgraden litt under medianen. Ved utgangen av veke 30 var fyllingsgraden i norske magasin 77,6 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 2,1 prosentpoeng mot 1,4 prosentpoeng veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 77,9 prosent, og maksimum 95,4 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 79,5 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 74,2 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 79,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 30, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.