Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 3 var fyllingsgraden i norske magasin 59,0 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,9 prosenteiningar, mot 2,3 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 64,8 prosent, og minimumsverdien 38,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 66,2 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 54,7 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 58,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 3, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.