Over trekvart fulle magasin. Ved utgangen av veke 29 var fyllingsgraden i norske magasin 75,5 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 1,4 prosenteiningar mot 1,9 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 76,7 prosent, og maksimum 94,7 prosent.


Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 77,0 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 72,9 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 76,2 prosent.