Større auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 28 var fyllingsgraden i norske magasin 74,1 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 1,9 prosenteiningar mot 1,6 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 73,8 prosent, og maksimum 93,2 prosent.
Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 76,3 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 71,6 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 73,6 prosent.

 

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 28, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.