Fyllingsgraden nærmar seg 70 prosent. Ved utgangen av veke 27 var fyllingsgraden i norske magasin 69,3 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 1,5 prosenteiningar, mot 2,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 71,4 prosent, og minimumverdien 50,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 70,8 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 66,4 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 70,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 27, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.