Mindre auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 26 var fyllingsgraden i norske magasin 67,8 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 2,6 prosenteiningar, mot 4,2 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 68,4 prosent, og minimumverdien 46,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 70,4 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 62,6 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 69,7 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 26, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.