Fyllingsgraden over 70 prosent . Ved utgangen av veke 26 var fyllingsgraden i norske magasin 70,6 prosent

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 4,5 prosenteiningar mot 3,8 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 67,8 prosent, og maksimum 88,4 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 73,6 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 67,8 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 69,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 26, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.