Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 25 var fyllingsgraden i norske magasin 65,2 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 4,2 prosenteiningar, mot 6,3 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 62,9 prosent, og minimumverdien 44,5 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 69,1 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 58,2 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 67,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 25, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.