Større auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 25 var fyllingsgraden i norske magasin 66,1 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 3,8 prosenteiningar mot 2,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 62,3 prosent, og maksimum 84,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 69,2 prosent, mens Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 63,6 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 64,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 25, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.