Ved utgangen av veke 24 var fyllingsgraden i norske magasin 61,0 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 6,3 prosenteiningar, mot 8,5 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 57,4 prosent, og minimumverdien 40,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 66,3 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 52,1 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 63,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 24, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.