Fyllingsgrad litt over normalt. Ved utgangen av veke 23 var fyllingsgraden i norske magasin 54,7 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 8,5 prosenteiningar, mot 5,0 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 52,4 prosent, og minimumverdien 35,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 60,7 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 43,8 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 57,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 23, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.