Mindre auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 23 var fyllingsgraden i norske magasin 59,7 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 4,0 prosenteiningar mot 8,8 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 51,6 prosent, og maksimum 74,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 62,3 prosent, mens Vest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 57,7 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 57,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 23, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.