Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 22 var fyllingsgraden i norske magasin 46,2 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 5,0 prosenteiningar, mot 6,3 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 47,8 prosent, og minimumverdien 29,5 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 51,2 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 36,6 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 50,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 22, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.