Framleis auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 22 var fyllingsgraden i norske magasin 55,7 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 8,8 prosenteiningar mot 5,9 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 47,7 prosent, og maksimum 67,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Søraust-Noreg (område 1) med 56,7 prosent, mens Vest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 54,1 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 55,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 22, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.