Framleis stor auke i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 21 var fyllingsgraden i norske magasin 41,2 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 6,3 prosentpoeng, mot 6,7 prosentpoeng veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 44,9 prosent, og minimumverdien 27,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 46,8 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 33,2 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 43,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 21, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.