Betydeleg auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 20 var fyllingsgraden i norske magasin 34,9 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 6,7 prosenteiningar, mot ein nedgang på 0,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 39,6 prosent, og minimumverdien 23,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 42,2 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 29,4 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 34,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 20, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.