Fyllingsgraden over 40 prosent. Ved utgangen av veke 20 var fyllingsgraden i norske magasin 41,0 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 1,9 prosenteiningar mot 2,6 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 39,1 prosent, og maksimum 64,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Midt- og Nord-Noreg (område 3) med 45,0 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 36,3 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 43,5 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 20, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.