Framleis nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 2 var fyllingsgraden i norske magasin 60,9 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,3 prosenteiningar, mot 2,5 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 66,5 prosent, og minimumsverdien 40,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 67,3 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 57,5 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 60,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 2, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.