Trekvartfulle magasin. Ved utgangen av veke 2 var fyllingsgraden i norske magasin 75,0 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 3,9 prosenteiningar mot 3,6 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 66,5 prosent og maksimum 75,6 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 78,2 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 72,8 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 75,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 2, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.