Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 19 var fyllingsgraden i norske magasin 28,2 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,4 prosenteiningar, mot 0,9 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 37,2 prosent, og minimumverdien 20,9 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 37,1 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 22,9 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 27,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 19, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.