Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 19 var fyllingsgraden i norske magasin 39,1 prosent.

Gjennom veka auka fyllingsgraden med 2,6 prosenteiningar mot 0,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 36,5 prosent, og maksimum 62,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Midt- og Nord-Noreg (område 3) med 44,5 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 32,9 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 42,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 19, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.