Mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 18 var fyllingsgraden i norske magasin 28,6 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,9 prosenteiningar, mot 2,3 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 34,9 prosent, og minimumverdien 19,4 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 38,3 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 22,2 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 29,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 18, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.

Magasinstatistikken for veke 19 vert offentleggjort kl. 13:00 på torsdag 18. mai.