Fyllingsgraden nærmar seg 30 prosent. Ved utgangen av veke 16 var fyllingsgraden i norske magasin 31,8 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,8 prosenteiningar, mot 0,8 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 33,6 prosent, og minimumverdien 17,3 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 42,4 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 24,2 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 33,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 16, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.