Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 15 var fyllingsgraden i norske magasin 33,6 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,8 prosenteiningar, mot 0,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 35,7 prosent, og minimumverdien 18,7 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 44,1 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 25,9 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 35,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 15, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.