Mindre vatn i magasina. Ved utgangen av veke 15 var fyllingsgraden i norske magasin 39,9 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 2,1 prosenteiningar mot 1,8 prosenteiningar veka før. Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2015 var 34,7 prosent, og maksimum 53,8 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Midt- og Nord-Noreg (område 3) med 45,7 prosent, mens Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 32,1 prosent. Vest-Noreg (område 2) hadde ein fyllingsgrad på 45,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 15, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.