Fyllingsgraden nærmar seg normalen. Ved utgangen av veke 14 var fyllingsgraden i norske magasin 34,4 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 0,4 prosenteiningar, mot 1,0 prosenteining veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 36,7 prosent, og minimumverdien 19,0 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 45,0 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 26,0 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 36,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 14, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.