Nokon mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 13 var fyllingsgraden i norske magasin 34,8 prosent.

Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,0 prosenteining, mot 2,1 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2016 var 39,1 prosent, og minimumverdien 18,1 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 45,2 prosent, medan Søraust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 25,9 prosent. Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde ein fyllingsgrad på 37,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 13, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.